Soloppgang over Siggjo, Bømlo sitt stolte fjell.

Litt om meg

Mt. Longonot i Rift Valley Kenya, 2017.

Eg heiter Torstein Taranger Westermoen og er ein ivrig hobbyfotograf, busett på Bømlo. Eg vart fødd i Etiopia i 1974. Nokre av mine barneår budde eg i "bushen" nordvest i Kenya. Eit område kjenneteikna av vakker, men barsk natur med mange fuglar og ville dyr. Det var eit eldorado for ein nysjerrig og aktiv gut. Rett utanfor soverommet stod det eit akasietre der dei gule og svarte vevarfuglane bygde sine flotte, sofistikerte reir. Om morgonen var det eit yrande liv i det treet. Det var berre å komme seg opp og få med seg den vakre morgonstemninga.

Eg lærte tidleg å bli glad i naturen og starta mi fotokarriere i ungdomsåra i Kenya, med pappa sitt Pentax speilreflekskamera som ein god følgesvenn.

Interessa mi for natur og friluftsliv hadde gode vekstvilkår i Kenya. Sidan har den vore ein viktig del av mitt liv, anten det er på vestlandskysten i Norge eller i andre delar av verda. Og, fotoapparatet er alltid med.

Nyt bildene, og følg gjerne med på mine vidare eventyr gjennom linsa.